ÅRSMØTE I VOSS KUNSTLAGi Banksmidja måndag 6. februar 2012 kl 18.00Saker til årsmøtet må vere styret i hende innan måndag 30. januar
UTSTILLINGSOPNING
KRISTIAN FINBORUD
ETSNINGAR - "GULLET GLAPP"
VOSS KULTURHUS, FREDAG 20.1.2012 kl 19 utstillingen står til 24.2.2012 - Velkomen!


-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Nå er Your Mamas Favourite sin vegg frå kunstprosjektet under Ekstremsportveko 2011 på plass i Gryto! :)
___________________________________________________________________________

Klasse 1B frå Vangen skule underheld på opninga! Gløgg og peparkaker


PHOTOSHOP-kurs med RANDI RAKNES i Voss Kunstlag sin regi
Måndagar 7.11, 14.11 og 21.11.2011 kveldstid på Voss Husflidskule
Maskin: Eigen berbar maskin med Adobe Photoshop eller Photoshop Elements-programvare (P Elements koster ca kr 700 på www.adobe.com, eller stikk innom Plei) Gjerne eigne digitale foto: Landskap, hus, folk, portrett, ting, natur. Kvar deltakar får kurshefte og kan få tildelt bilde frå minnepenn.
Kveld 1:
Tema: Digital bildekunnskap og programvarekjennskap Bildestorleik og bruksområde (Skjerm eller utskrift). Grunnleggjande bildehandsaming: Verkty og lagpalett.
Kveld 2:
Tema: Bildehandsaming Farge, nivå, metting etc. + storleik, retning, perspektiv mm. Meir om collage/Lagpalett: Lagring av bildefiler i .psd og .jpg
Kveld 3:
Tema: Clipping-Quickmask. Portrett. Tekst og bilde (Layout) Oppsummering
Medlem kr 1.500,- Ikkje medlem kr 1.800,- PÅMELDING INNAN 21.10 til Laila Rynning Veum mobil 902 94 438 eller per epost laila.rynning.veum@live.com
|
--------------------------------------------------------------------------------------------

Flott utstilling i Voss kulturhus
-måleri og skulptur av Thomas Pihl.
ope tys-fre kl 12-16, laurdag-sundag kl 12-15. måndagar stengt. ope til 16.10.2011
bilete frå Thomas Pihl-opninga 16.9.2011. Kjem fleire frå utstillinga snart.
---------------------------------------------------------------------------- Foredrag av professor Ole Didrik Lærum søndag 28. august kl 19:00 i Ungdomshallen: "Bergslikunstnarane og folkelivet på Voss og Hardanger"
----------------------------------------------------------------------------
Foto og Street Art utstilling i samarbeid med Ekstremsportveko er opna og kan besøkast i Voss kulturhus kvar dag kl 12-19 fram til 31.7.2011 - VELKOMEN!
Street art på Ekstremsportveko!
Your Mamas Favourite Production let seg inspirera av atmosfæren under Veko og skapar street art for publikum. Dei skal også halde to workshops – ein for 10-14-åringar og ein for 14-19-åringar i Voss kulturhus. Kunstnarane, ”Res” og ”Meter”, driv saman produksjonsselskapet Your Mamas Favourite Productions. Dei skal sundag, måndag og tysdag skapa street art langs gangvegen frå Voss kulturhus til festivalområdet og publikum vert inviterte til å følgja den kreative prosessen. Kunstnarane vil la seg inspirera av aktivitetar og miljø rundt festivalen og verka vert ståande heile juli til glede for vossingar og tilreisande. Live dekor langs gangvegen frå Voss kulturhus og festivalteltet Sundag 26.6 kl 16-19 på Tre Brør Café Måndag 27.6 kl 10-13 og 17-20 Tysdag 28.6 kl 17-20 Voss Kunstlag i samarbeid med Ekstremsportveko er stolte av å presentere to workshops med Your Mamas Favourite Productions. Med prosjektet ynskjer me å visa ein kunstform som slit med eit negativt stempel men som innanfor lovlege rammer uttrykkjer kreativitet hjå ungdomen idag. Kurshaldarane vil undervisa i ulike former og teknikkar for street art, t.d. spray og akryl, og legg vekt på at det kun vert utført på lovlege veggar. Workshops 10-15-åringar på tysdag 28.6 kl 10-16 14-15-åringar på onsdag 29.6 kl 10-16 Det er booket 12 deltakarar på kvart kurs. Venteliste. Meir info; livholmstrom@gmail.com eller Liv på telefon 4820 2055. Deltakaravgift kr 100.

Foto Your Mamas Favourite Productions ----------------------------------------------------------------------------

Opning på tidlegare Galleri Voss 16.6.2011
Vekselbanken har gitt Voss Kunstlag tilbod om å nytta tidlegare Galleri Voss til utstillingslokale for ei sommarutstilling. Dette vert ei salsutstilling der utøvande kunstnarar i laget får høve til å presentera seg.
Velkomen til opning torsdag 16.06.11 kl 19.00.
Utstillingsperiode 16.06.11-21.08.11
Opningstid tysdag -søndag kl 12.00-16.00. Måndag stengt
Opningstid under Voss Cup 17.06-19.06 kl 12.00-19.00
Bergslitræet er ope kvar søndag i juni, juli og august
kl 13.00-16.00
Informasjon om kunstnarane Knud, Brynjulf og Nils Bergslien
Høve til å kjøpe kunstkort og bøker
Fritt tilgjenge
Tysdag 7, juni: "Ope hus" på Bergslitræet kl 14.00
Informasjon om Bergslikunstnarane v/Laila Rynning Veum og Eli Wenke Lund-Johansen.
Enkel servering
Fritt tilgjenge
Tilskipinga er støtta av Den Kulturelle Spaserstokken og Folkeakademiet Voss.

VOSSAJAZZUTSTILLINGA 2011
fleire foto frå opninga under 'utstillingar' - velkomen innom fram til 7.5.2011
ABONNEMENT PÅ MAGASINET KUNST
Som medlem i Voss Kunstlag kan du få eit abonnement på magasinet Kunst til redusert pris. Ordinær pris er 495 kr pr år. Som kunstlagsmedlem er prisen 300 kr pr år.
Send ein mail til: mailto:kristin@fine.art.no og be om eit gratis prøveeksemplar og fortel at du er medlem i Voss Kunstlag. Voss Kunstlag har gjort denne avtalen med magasinet Kunst.
VAKTER PÅ VOSSAJAZZUTSTILLINGA 2011
Enno ein gong takk til alle som sat vakt på Mari Slaattelid og Mona Nordaas sine utstillingar.
Utan hjelp frå dykk hadde det ikkje vore mogeleg for Voss Kunstlag å arrangere utstillingar!
No nærmar det seg Vossajazzutstilling med Gruppe 66 i Voss Kulturhus. Denne vitale og eksperimentelle kunstnargruppa hadde sitt utspring i Bergen på 1960-talet, og dei fleste av dei er framleis aktive kunstnarar i dag.
Opninga finn stad torsdag 14.april og utstillinga skal henge til laurdag 7. mai.
Me manglar vakter til laurdag 16/4 ( 12-15, 15-17 og 17-19) og søndag 17/4 (12-15, 15-17 og 17-19).
Desse vaktene har førsteprioritet.
Etter påske, veke 17 og 18 er det også behov for vakter.
Måndagar stengt. Opningstid tysdag-søndag: 12-16. Vaktene kan delast.
Fint om de kan melda tilbake om de har høve til å ta ei vakt eller fleire. Send mail til: laila.rynning.veum@live.com innan 26/3-11
På førehand takk!
8. marsmarkering i Voss Kulturhus
Foredrag av professor Jorunn Veiteberg i biblioteket kl 18.00:
”Myndig kvinne med suksess: Bildehoggaren Ambrosia Tønnesen 1859-1948”
Appell v/Amnesty
Kulturelle innslag frå Vaksenopplæringa og Kulturskulen
Enkel servering
Trekking av kunst på billetten
Inngang: 100 kr
Tilskipinga er støtta av Norske Kunstforeninger og Folkeakademiet Voss
Jazzkonsert i kultursalen kl 20.00 med Voss Jazzskule og solist Tineke Postma
Eigen billett
 Foto Marianne Bakketun
Symmetri og Periferi
Utstilling på Voss Kulturhus - opning 25.2 kl 19 - velkomen!

BERGSLIEN-kveld tysdag 15. februar
kl. 19.00 i Voss Kulturhus
Tema: Knud og Brynjulf BergslienMEIR INFO UNDER FOREDRAG
ÅRSMØTE I VOSS KUNSTLAG MÅNDAG 14. FEBRUAR
KL. 19.00 I VOSS KULTURHUS
MEIR INFO UNDER KALENDER
Workshop
m/Mona Nordaas i
Voss Kulturhus 12.-13. febr (10 t)
Tema: Skulpturar av gjenbruksmateriell Skulpturane vert vist på Mona Nordaas si utstilling i
Voss Kulturhus 25/2-9/3
Alder: 5. - 7. kl. 10 plassar Pris: 100 kr
Påmelding innan: 26.januar til tlf 477 54 051
Voss Kommune har gitt økonomisk stønad til kurset.
Utstillinga til Mari Slaattelid vert omtala i Gunnar Danbolt sin "Kunstreisen"
fredag 26. februar
Velkommen inn
For å sjå bilete frå opning og utstilling gå til UTSTILLINGAR
VAKTER I DET NYE UTSTILLINGSROMMET I VOSS KULTURHUS
Torsdag 6. januar 2011er det opning av Mari Slaattelid si utstilling i Voss Kulturhus. Denne utstillinga er eit samarbeid mellom Voss Kommune og Voss Kunstlag. Me har tatt på oss å stilla med vakter i heile utstillingsperioden: 06.01 til 17.02 dvs i 6 veker.
Opningstidene vert slik: Tysdag-fredag 12.00-17.00, laurdag 12.00-16.00,
søndag 12.00-17.00. Måndag stengt.
Vakter til denne perioden er i boks, men det er ein fordel å ha så mange som mogeleg på vaktlista, for det vert flerie utstillingar i det nye utstillingsrommet.
Fint om de kan melda tilbake til: laila.rynning.veum@live.com, så tek eg kontakt att og avtalar tidspunkt.
På førehand takk!
Helsing
Styret i Voss Kunstlag
v/Laila VOSS KUNSTLAG SIN KALENDER 2011 kan kjø past på Voss bokhandel, Utstillingsrommet Voss Kulturhus eller ved direkte kontakt.
Pris kr 200.
For å sjå alle bileta gå til KUNSTKALENDER

|