forsiden | sideoversikt | kontakt


ÅRSMØTE I VOSS KUNSTLAG

i Banksmidja måndag 6. februar 2012 kl 18.00


SAKLISTE:

  1. Godkjenning av innkalling
  2. Val av møteleiar
  3. Val av skrivar
  4. Årsmelding v/leiar
  5. Rekneskap v/økonomiansvarleg
  6. Val 


UTSTILLINGSOPNING

KRISTIAN FINBORUD


ETSNINGAR - "GULLET GLAPP"

VOSS KULTURHUS, FREDAG 20.1.2012 kl 19 

utstillingen står til 24.2.2012 - Velkomen!
















-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Nå er Your Mamas Favourite sin vegg frå kunstprosjektet
under Ekstremsportveko 2011 på plass i Gryto!  :)





___________________________________________________________________________


 

Klasse 1B frå Vangen skule underheld på opninga!
Gløgg og peparkaker

 





PHOTOSHOP-kurs med RANDI RAKNES i Voss Kunstlag sin regi
Måndagar 7.11, 14.11 og 21.11.2011 kveldstid på Voss Husflidskule

Maskin: Eigen berbar maskin med Adobe Photoshop eller Photoshop Elements-programvare (P Elements koster ca kr 700 på www.adobe.com, eller stikk innom Plei)
Gjerne eigne digitale foto: Landskap, hus, folk, portrett, ting, natur.

 
Kvar deltakar får kurshefte og kan få tildelt bilde frå minnepenn.

Kveld 1: 
Tema: Digital bildekunnskap og programvarekjennskap
Bildestorleik og bruksområde (Skjerm eller utskrift). 
Grunnleggjande bildehandsaming: Verkty og lagpalett.
Kveld 2: 
Tema: Bildehandsaming
Farge, nivå, metting etc. + storleik, retning, perspektiv mm.
Meir om collage/Lagpalett: Lagring av bildefiler i .psd og .jpg
Kveld 3: 
Tema: Clipping-Quickmask. Portrett. Tekst og bilde (Layout) Oppsummering
 
Medlem kr 1.500,-
Ikkje medlem kr 1.800,-
PÅMELDING INNAN 21.10 til
Laila Rynning Veum mobil 902 94 438 eller per epost laila.rynning.veum@live.com



--------------------------------------------------------------------------------------------



Flott utstilling i Voss kulturhus 

-måleri og skulptur av Thomas Pihl.

ope tys-fre kl 12-16, laurdag-sundag kl 12-15. måndagar stengt. ope til 16.10.2011

sjå avisomtale http://www.avisa-hordaland.no/kultur/article5737026.ece













bilete frå Thomas Pihl-opninga 16.9.2011. Kjem fleire frå utstillinga snart.

---------------------------------------------------------------------------- 
Foredrag av professor Ole Didrik Lærum søndag 28. august kl 19:00 i Ungdomshallen: 
"Bergslikunstnarane og folkelivet på Voss og Hardanger"
 

---------------------------------------------------------------------------- 



 

Foto og Street Art utstilling i samarbeid med Ekstremsportveko er opna og kan besøkast i Voss kulturhus kvar dag kl 12-19 fram til 31.7.2011 - VELKOMEN!


Foto frå workshop kan sjåast på http://ekstremsportveko.com/new-gallery/ekstremsportveko-2011/festival


Street art på Ekstremsportveko! 

Your Mamas Favourite Production let seg inspirera av atmosfæren under Veko og skapar street art for publikum. Dei skal også halde to workshops – ein for 10-14-åringar og ein for 14-19-åringar i Voss kulturhus.
 
Kunstnarane, ”Res” og ”Meter”, driv saman produksjonsselskapet Your Mamas Favourite Productions. Dei skal sundag, måndag og tysdag skapa street art langs gangvegen frå Voss kulturhus til festivalområdet og publikum vert inviterte til å følgja den kreative prosessen. Kunstnarane vil la seg inspirera av aktivitetar og miljø rundt festivalen og verka vert ståande heile juli til glede for vossingar og tilreisande.
 
Live dekor langs gangvegen frå Voss kulturhus og festivalteltet
Sundag 26.6  kl 16-19 på Tre Brør Café
Måndag 27.6 kl 10-13 og 17-20
Tysdag 28.6 kl 17-20
 
Voss Kunstlag i samarbeid med Ekstremsportveko er stolte av å presentere to workshops med Your Mamas Favourite Productions. Med prosjektet ynskjer me å visa ein kunstform som slit med eit negativt stempel men som innanfor lovlege rammer uttrykkjer kreativitet hjå ungdomen idag. Kurshaldarane vil undervisa i ulike former og teknikkar for street art, t.d. spray og akryl, og legg vekt på at det kun vert utført på lovlege veggar.
 
Workshops
10-15-åringar på tysdag 28.6 kl 10-16
14-15-åringar på onsdag 29.6 kl 10-16
 
Det er booket 12 deltakarar på kvart kurs. Venteliste. Meir info; livholmstrom@gmail.com eller Liv på telefon 4820 2055. Deltakaravgift kr 100.



Foto Your Mamas Favourite Productions
 
---------------------------------------------------------------------------- 

 

 Opning på tidlegare Galleri Voss 16.6.2011

        

 




 

 

Vekselbanken har gitt Voss Kunstlag tilbod om å nytta tidlegare Galleri Voss til utstillingslokale for ei sommarutstilling. Dette vert ei salsutstilling der utøvande kunstnarar i laget får høve til å presentera seg.


Velkomen til opning torsdag 16.06.11 kl 19.00.


Utstillingsperiode 16.06.11-21.08.11

Opningstid tysdag -søndag kl 12.00-16.00.  Måndag stengt

Opningstid under Voss Cup 17.06-19.06  kl 12.00-19.00

  

Bergslitræet er ope kvar søndag i juni, juli og august 

kl 13.00-16.00

Informasjon om kunstnarane Knud, Brynjulf og Nils Bergslien

Høve til å kjøpe kunstkort og bøker

Fritt tilgjenge

 


Tysdag 7, juni: "Ope hus" på Bergslitræet kl 14.00

Informasjon om Bergslikunstnarane v/Laila Rynning Veum og Eli Wenke Lund-Johansen.

Enkel servering

Fritt tilgjenge

Tilskipinga er støtta av Den Kulturelle Spaserstokken og Folkeakademiet Voss. 

 

 

 

VOSSAJAZZUTSTILLINGA 2011








fleire foto frå opninga under 'utstillingar' - velkomen innom fram til 7.5.2011


ABONNEMENT PÅ MAGASINET KUNST


Som medlem i Voss Kunstlag kan du få eit abonnement på magasinet Kunst til redusert pris. Ordinær pris er 495 kr pr år. Som kunstlagsmedlem er prisen 300 kr pr år.


Send ein mail til: mailto:kristin@fine.art.no og be om eit gratis prøveeksemplar og fortel at du er medlem i Voss Kunstlag.
Voss Kunstlag har gjort denne avtalen med magasinet Kunst.




VAKTER PÅ VOSSAJAZZUTSTILLINGA 2011


Enno ein gong takk til alle som sat vakt på Mari Slaattelid og Mona Nordaas sine utstillingar.

Utan hjelp frå dykk hadde det ikkje vore mogeleg for Voss Kunstlag å arrangere utstillingar!


No nærmar det seg Vossajazzutstilling med Gruppe 66 i Voss Kulturhus. Denne vitale og eksperimentelle  kunstnargruppa hadde sitt utspring i Bergen på 1960-talet, og dei fleste av dei er framleis aktive kunstnarar i dag.


Opninga finn stad torsdag 14.april og utstillinga skal henge til laurdag 7. mai.


Me manglar vakter til laurdag 16/4 ( 12-15, 15-17 og 17-19) og søndag 17/4 (12-15, 15-17 og 17-19).


Desse vaktene har førsteprioritet.

Etter påske, veke 17 og 18 er det også behov for vakter. 

Måndagar stengt. Opningstid tysdag-søndag: 12-16. Vaktene kan delast.


Fint om de kan melda tilbake om de har høve til å ta ei vakt eller fleire. Send mail til: laila.rynning.veum@live.com innan 26/3-11


På førehand takk!






8. marsmarkering i Voss Kulturhus


Foredrag av professor Jorunn Veiteberg i biblioteket kl 18.00:

”Myndig kvinne med suksess: Bildehoggaren Ambrosia Tønnesen 1859-1948” 


Appell v/Amnesty

Kulturelle innslag frå Vaksenopplæringa og Kulturskulen

Enkel servering

Trekking av kunst på billetten

Inngang: 100 kr

Tilskipinga er støtta av Norske Kunstforeninger og Folkeakademiet Voss


Jazzkonsert i kultursalen kl 20.00 med Voss Jazzskule og solist Tineke Postma

Eigen billett



Foto Marianne Bakketun






Symmetri og Periferi

Utstilling på Voss Kulturhus - opning 25.2 kl 19 -  velkomen!






 BERGSLIEN-kveld tysdag 15. februar

kl. 19.00 i Voss Kulturhus

Tema: Knud og Brynjulf Bergslien

MEIR INFO UNDER FOREDRAG



ÅRSMØTE I VOSS KUNSTLAG MÅNDAG 14. FEBRUAR

KL. 19.00 I VOSS KULTURHUS



MEIR INFO UNDER KALENDER




Workshop

m/Mona Nordaas i

Voss Kulturhus 12.-13. febr (10 t)

Tema: Skulpturar av gjenbruksmateriell
Skulpturane vert vist på Mona Nordaas si utstilling i

Voss Kulturhus 25/2-9/3

Alder: 5. - 7. kl.
10 plassar
Pris: 100 kr

Påmelding innan: 26.januar til tlf 477 54 051

Voss Kommune har gitt økonomisk stønad til kurset.

Velkomstbrev


Utstillinga til Mari Slaattelid vert omtala i Gunnar Danbolt sin "Kunstreisen"

fredag 26. februar

 

 

Velkommen inn  

For å sjå bilete frå opning og utstilling gå til UTSTILLINGAR 

Utstillingsrom planteikning 

 Vaktliste

 VAKTER I DET NYE UTSTILLINGSROMMET I VOSS KULTURHUS 

Torsdag 6. januar 2011er det opning av Mari Slaattelid si utstilling i Voss Kulturhus. Denne utstillinga er eit samarbeid mellom Voss Kommune og Voss Kunstlag. Me har tatt på oss å stilla med vakter i heile utstillingsperioden: 06.01 til 17.02 dvs i 6 veker.

Opningstidene vert slik: Tysdag-fredag 12.00-17.00, laurdag 12.00-16.00,

søndag 12.00-17.00. Måndag stengt.

Vakter til denne perioden er i boks, men det er ein fordel å ha så mange som mogeleg på vaktlista, for det vert flerie utstillingar i det nye utstillingsrommet.

Fint om de kan melda tilbake til: laila.rynning.veum@live.com, så tek eg kontakt att og avtalar tidspunkt.

På førehand takk!

Helsing

Styret i Voss Kunstlag

v/Laila


VOSS KUNSTLAG SIN KALENDER 2011 kan kjøpast på Voss bokhandel, Utstillingsrommet Voss Kulturhus eller ved direkte kontakt. 

Pris kr 200.

 

For å sjå alle bileta gå til KUNSTKALENDER